Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ole Morten Iversen får med seg Geir Endre Rogn (36) i trenarteamet for langrennskvinnene komande sesong.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 19.06.2018 kl 16:09
Rogn kjem frå jobben som trenar for dei norske juniorløparane. Han har lang erfaring som trenar, smørjar og skitestar, og han har mellom anna ein mastergrad i coaching og psykologi.
- I trenarteam for skijentene håpar eg å kunna bidra til vidareutvikling både lagmessig og på det individuelle planet. Eg ser fram til å arbeida med Ole Morten Iversen og trur vi blir eit godt trenarteam, seier Rogn i ei pressemelding.
(©NPK)
Geir Endre Rogn blir trenar for dei norske langrennskvinnene. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.