Roing: Vold tok VM-gull i maraton for U23

Amund Vold hadde det beste giret i avslutninga då han tok gull i K1-klassen for U23 under VM maraton i Portugal fredag.

Amund Vold, Nicolas Notten frå Sør-Afrika og tyskaren Marcel Paufler kjempa om medaljane mot slutten av det 26,2 kilometer lange løpet.

Men med éin kilometer igjen av maratondistansen sette Vold inn ein langspurt.

- Han er for god. Han gjer kva han vil, sa kommentatorane på ICF-sendinga.

Nicolas Notten klarte ikkje henge med i spurten, og vart bronsevinnar, mens Marcel Paufler kom raskt etter på dei siste meterane. Tyskaren måtte likevel ta til takke med sølvet.

- Eg er veldig glad, sa Vold i sigersintervjuet.

- Det gjekk akkurat som planlagt. Eg prøvde å spare krefter i starten, og eg fekk betalt for det på dei to siste rundane, la han til.

Vinnartida vart 1.53.26,37.

(©NPK)

Annonse