Klargjør siden...

Rooney i USA for å fullføre MLS-overgang

Everton stadfesta torsdag at Wayne Rooney har reist til Washington for å fullføre overgangen til MLS-klubben DC United.

- Everton er blitt samd med Wayne Rooney om ein overgang til DC United, heiter det på nettsida til klubben.

Den tidlegare England-kapteinen og Manchester United-stjerna er forventa å signere ein avtale for to og eit halvt år. Det blir rapportert at kontrakten skal vere verdt 13 millionar dollar (106 millionar kroner).

Washington Post har skrive at DC United er samd med Everton om å betale ein overgangssum for 32-åringen.

Rooney vil ikkje vere speleklar for DC United før overgangsvindauget til ligaen opnar 10. juli. Klubben håpar at engelskmannen kan byrje å trene med laget mot slutten av veka. Målet er å få Rooney speleklar og i kampform til klubben opnar ein ny stadion i midten av juli.

Viss alt går som det skal, kan Rooney spele 20 kampar i MLS denne sesongen.

DC United-trenar Ben Olsen har ikkje heldt tilbake på interessa for spelaren.

- Ingenting er i boks, så eg vil ikkje snakke om når han kjem før han faktisk kjem, seier Olsen.

- Du må aldri tru at noko er i boks i denne verda, særleg når du snakkar om eit overgangskupp av ein slik storleik som dette.

Rooney blei toppscorar for Everton i Premier League førre sesong. Han varta opp med 11 scoringar.

(©NPK)

Wayne Rooney nærmar seg ein overgang til DC United. Her frå ein pressekonferanse med England for fire år sidan. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix