Annonse

Ropstad håpar KrF vel side innan året er slutt

Spørsmålet om kven KrF skal samarbeide med bør avklarast i år, meiner andre nestleiar Kjell Ingolf Ropstad.

- Først skal vi spisse det politiske prosjektet vårt. Samarbeidsspørsmålet er ikkje på agendaen no. Men eg ser for meg at det kan komme ei avklaring på samarbeid i år, seier Ropstad til NTB.

Etter historisk svake 4,2 prosent i stortingsvalet 2017, konkluderte KrF med at partisakene i valkampen vart overskygga av spørsmålet om val av side. Det ønskjer Ropstad å unngå ein reprise på i oppkøyringa til lokalvalet 2019.

Spisse profil

- Eg trur ikkje vi vil ha godt av nokon lang debatt. Samtidig må diskusjonen forankrast på ein god måte, seier Ropstad.

På bakgrunn av det katastrofale valresultatet vedtok KrFs landsstyre at partiet måtte spisse profilen.

- Heile partiorganisasjonen er engasjert med frist før sommaren til å komme med innspel til kva for saker vi skal prioritere opp og kva vi eventuelt skal prioritere ned. Sentralstyret jobbar vidare med politisk spissing fram til landsstyret konkluderer i september. Først deretter er det naturleg å opne diskusjonen om samarbeid, seier Ropstad.

Sikrar fleirtal

Partiet har ikkje fatta noko formelt vedtak om korleis ein skal behandle samarbeidsspørsmålet.

- Ein kan sjå for seg ein prosess fram mot landsstyremøtet i november, men det er ikkje diskutert korleis det bør gjerast, seier Ropstad.

Nestleiaren meiner at det siste halve året har vist at KrF igjen klarer å setje sakene på dagsorden.

Trass i det svake valresultatet fekk KrF ei nøkkelrolle i Stortinget då Venstre gjekk inn i regjering med Høgre og Framstegspartiet. KrFs stemmer i Stortinget må til for å skape fleirtal for ei av blokkene. Det meiner Ropstad at partiet har utnytta til fulle.

- Vi har ei lang liste med gjennomslag, seier Ropstad og peiker på pleiepengar til familiar med sterkt pleietrengande barn, lærarløft i skulen og gjennomslag for søndagen som «annleisdag».

(©NPK)

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad ønskjer ei avklaring på samarbeidsspørsmålet innan året er omme. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Annonse