Russisk atomkraftverk passerte Bergen

Lekteren som har det russiske atomkraftverket Akademik Lomonosov om bord, passerte tysdag Bergen.

Atomkraftverket passerte tysdag havområda utanfor Hordaland og Sogn og Fjordane, rundt 10 nautiske mil (18,5 kilometer) utanfor kysten. Kystverket følgjer nøye med på slepet langs norskekysten.

Lekteren med atomkraftverket er 144 meter lang, 30 meter brei og 10 meter høg. Ifølgje Aftenposten er kraftverket ein russisk prototype på ein heilt ny type flytande atomkraftverk med to urandrivne reaktorar. Kapasiteten skal vere nok til å forsyne ein storby med 200.000 menneske med straum, skriv Fædrelandsvennen.

Lekteren la ut frå kai i St. Petersburg 28. april. Den vert no frakta langs norskekysten og er venta å komme til Murmansk 22. mai. Der skal atombrensel lastast om bord før ferda går vidare til Sibir.

Transporten av atomkraftverket har skapt kraftige reaksjonar, blant anna frå miljøvernorganisasjonane Bellona og Greenpeace, og sistnemnde har omtalt Akademik Lomonosov som «eit flytande Tsjernobyl».

(©NPK)

Det russiske atomkraftverket Akademik Lomonosov cirka 10 nautiske mil utanfor kysten av Hordaland tysdag. Transporten skjer i ein fart på om lag 6 knop. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Annonse