Russland ber Vesten om ikkje å blande seg inn i Idlib-operasjon

Russland førebur no truleg eit angrep på Idlib-provinsen i Syria saman med syriske regjeringsstyrkar. Samtidig ber dei Vesten om ikkje å blande seg inn.

- Eg håpar at våre partnarar i Vesten ikkje vil la seg påverke av provokasjonar frå opprørarane og at dei ikkje vil hindre ein antiterroroperasjon i Idlib, sa Russlands utanriksminister Sergej Lavrov på ein pressekonferanse i Moskva onsdag.

Det er venta at Assad-regimet saman med sin nære allierte Russland no planlegg ein storoffensiv mot Idlib, som er Syrias siste opprørskontrollerte provins.

Ifølgje Nato har Russland dei siste vekene sendt minst åtte nye marinefartøy til Middelhavet, blant anna ein missilkryssar og to ubåtar som også kan skyte ut missil.

Hevdar opprørarar planlegg kjemisk angrep

Under pressekonferansen onsdag sa Lavrov også at Vesten aktivt bidrar til å oppelde diskusjonen om eit «såkalla planlagt kjemisk angrep frå den syriske regjeringa».

Tidlegare denne månaden hevda Russland at opprørarar i Idlib planlegg bruk av kjemiske våpen, for så å skulde angrepet på den syriske regjeringa. Ifølgje Russland er målet for opprørarane at angrepet vil vere eit påskot for Vesten til å angripe syriske regjeringsstyrkar.

Russland hevda også at britisk etterretning er involvert i planlegginga.

Vil svare på kjemisk angrep

President Donald Trumps nasjonale sikkerheitsrådgjevar John Bolton sa under eit besøk i Jerusalem i førre veke at USA er bekymra over moglegheita for at Assad kan komme til å bruke kjemiske våpen igjen.

- Berre for å gjere det heilt klart; dersom det syriske regimet brukar kjemiske våpen, vil vi svare svært kraftig på dette, så dette bør dei verkeleg tenkje nøye igjennom, sa Bolton.

(©NPK)

Russlands utanriksminister Sergei Lavrov ber Vesten om ikkje å blande seg inn i operasjonen i Idlib. Foto: Zemlianisjenko / AP Photo / NTB scanpix

Annonse