Klargjør siden...

Russland: Tyskprodusert klorgass funne i Aust-Ghouta 

Syriske styrkar har funne klorgass av tysk opphav i Douma, seier ein talskvinne for russisk UD.

Syriske regjeringsstyrkar er skulda for å ha brukt klorgass eller kjemiske stridsmiddel under eit angrep mot Douma 7. april. Dette nektar syriske styresmakter for, og Russland har hevda at angrepet var sett i scene av opprørarar med britisk hjelp.

Med tilvising til det påståtte gassangrepet angreip USA, Frankrike og Storbritannia sist helg det som skal vere to lagre av kjemiske våpen, og eit forskingssenter der dei hevdar slike våpen blei utvikla, i Syria.

Ifølgje ein talskvinne for russisk UD har syriske styrkar funne tyskprodusert klorgass i Douma, noko Russland meiner styrkar påstanden om at det gassangrepet var sett i scene av opprørarar.

- Syriske regjeringsstyrkar, som har frigjort Aust-Ghouta, har funne behaldarar med klor frå Tyskland, eit forferdeleg kjemisk våpen, sa Maria Zakharova torsdag.

Ifølgje henne er det også funne britiske røykgranatar i områda som inntil nyleg var kontrollert av opprørarar.

Inspektørar frå Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) kom laurdag til Damaskus, men har ennå ikkje reist til Douma for å gjere undersøkingar der.

Eit tryggingsteam frå FN, som skulle bane veg for inspektørane, blei skotne på då dei besøkte Douma tysdag.

- Det er framleis mykje uro i området. FNs tryggingsteam må minst éin gong til inn i Douma for å gjere det klart, før inspektørane kan gå inn for å finne korrekte fakta, seier FN-talsmannen Stephane Dujarric.

(©NPK)

Inspektørane frå OPCW har framleis ikkje besøkt bygningane i Douma der det visstnok skjedde eit angrep med kjemiske våpen 7. april i år. Foto: AP / NTB scanpix