Klargjør siden...
Annonse

Ruud får wildcard til Swedish Open

Mens Casper Ruud storspelar på den franske grusen i Roland-Garros, har han fått frikort inn i hovudturneringa i Swedish Open i juli.

Tidlegare har 19-åringen spelt Båstad Challenger og kvalifisert seg til Stockholm Open, men aldri Swedish Open.

No har han fått frikort til ATP 250-turneringa i Båstad.

- Ein sjenerøs gest frå turneringsleiinga som vi verdset høgt. Når det gjeld ATP Tour-turneringar, så er Sverige så nær heimebane som det går an å komme. Eg håpar det kjem mykje folk frå Noreg, og Båstad er ein fantastisk stad med ein eineståande tennisarena, seier Ruud i ei fråsegn.

Ungguten førebur seg i desse dagar på å møte spanske Albert Ramos-Viñolas i 2. runde av Roland-Garros.

- Vi gjer alltid vårt beste for å prøve å hjelpe lokale talent, og når det gjeld Casper betraktar vi han som så godt som lokal. Casper er ein ung spelar med stort potensial, spesielt på grus. Det har han vist fleire gonger og forhåpentleg får vi sjå det i Båstad denne sommaren, seier turneringsdirektør Christer Hult i ei pressemelding.

Swedish Open er ein del av den internasjonale ATP-touren. Turneringa starta 15. juli, og regjerande meister er David Ferrer.

(©NPK)

Casper Ruud har fått frikort til Swedish Open i Båstad. Foto: AP Photo/Alessandra Tarantino / NTB scanpix.