Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Byen São Paulo i Brasil har erklært unntakstilstand i samband med at tusenvis av trailersjåførar streikar for femte dag på rad.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 25.05.2018 kl 19:07
Unntakstilstanden inneber at styresmaktene i São Paulo kan beslagleggje private varer, som til dømes bensin som er lagra ved bilservicestasjonar, heiter det i ei utsegn frå borgarmeisteren i byen.
Brasilianske trailersjåførar har streika sidan måndag på grunn av auka bensinprisar i landet, og fredag fortsette dei med å blokkere vegar rundt om i landet.
Same dag kunngjorde også ei rekkje skular og universitet i fleire andre byar i Brasil at dei held stengt, mens hovudflyplassen i hovudstaden Brasilia kunngjorde at minst ni flygingar er kansellerte som følgje av trailersjåførstreiken.
At lastebilar over heile landet står parkert har skapt omfattande problem i Brasil den siste veka, ettersom bensinstasjonar berre får sporadiske leveransar og butikkar slit med å fylle hyllene sine med varer.
Hovudstaden Brasilia, som ligg midt i landet, har vore spesielt hardt ramma ettersom byen får bensin frå trailerar som køyrer inn frå kysten.
Meldingane om at streiken fortsette fredag kjem trass i at det seint torsdag kom opplysningar at styresmaktene og fleire fagforeiningar var samde om ein avtale som skulle føre til ein streikepause på 15 dagar.
Blant anna lova regjeringa å redusere effekten av dei auka bensinprisane gjennom å senke enkelte skattesatsar. Det statlege oljeselskapet Petrobras har i tillegg kunngjort at dei vil senke bensinprisane med ti prosent dei neste to vekene.
(©NPK)
Streikande trailersjåførar og motorsykkelbod blokker inngangen til ein bensinstasjon i Brasilia torsdag. Foto: AP / NTB scanpix.