Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Mattilsynet bekreftar at hestar i seks stallar er smitta av salmonellabakteriar, i tillegg er det mistanke om smitte i 15 andre stallar.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 15.06.2018 kl 13:13
Etter at det vart klart at ein fole var blitt smitta ved hesteklinikken ved NMBU veterinærhøgskolen i Oslo, har omfanget av utbrotet auka.
- Vi jobbar med å kartleggje korleis smitten har spreidd seg og kvar den kjem frå. Det er førebels for tidleg å seie noko om omfanget av utbrotet og kvar smitten stammar frå. Vi jobbar framleis breitt, seier seniorrådgjevar Kirsti Ullsfoss i Mattilsynet region Stor-Oslo.
Mattilsynet har så langt bandlagt 23 dyrehald i samband med utbrotet, 21 dyrehald på Austlandet, 1 på Sørlandet og 1 på Vestlandet. Det betyr at ingen dyr får flyttast inn eller ut av garden.
Salmonellabakteriane forårsakar sjukdommen salmonellose hos dyr og menneske. Salmonella Typhimurium, som folen er smitta av, er ein av over 2.500 variantar. Salmonella er sjeldan hos norske husdyr og i norsk mat, men bakterien finst i naturen i Noreg, hovudsakleg hos fuglar og piggsvin.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.