Klargjør siden...
Annonse

Sametinget vil ha klart mandat for forsoningskommisjonen

Eit stort fleirtal på Sametinget er samde om eit felles innspel til mandatet for Sannhets- og forsoningskommisjonen for samane. 

Kommisjonen skal granske verknaden og konsekvensane av fornorskingspolitikken som blei ført heilt frå 1700-talet og fram til 1960-åra.

Det er to år sidan Stortinget vedtok å opprette sannhetskommisjonen, men det tatt tid å bestemme både mandat og innretning. No har Sametinget sendt innspela sine til Stortinget.

- Vi meiner at det er viktig at kommisjonen har samisk språk- og kulturkompetanse i møte med den samiske befolkninga og informantar. Å opne opp om erfaringa si med fornorskinga kan rippe opp i gamle sår for dei som skal fortelje historiene sine til kommisjonen. Derfor krev vi også at det gjennom heile prosessen er tilgjengeleg helsepersonell for informantane, seier leiar i Norske Samers Riksforbund Beaska Niillas.

Innspela går på både metode, tema og namn på kommisjonen, som fleirtalet på Sametinget meiner bør heite Sannhets- og forsoningskommisjonen.

- Eg håpar at kommisjonsarbeidet skapar ein forståing i storsamfunnet og hos styresmaktene om at sjølv om den offisielle fornorskingspolitikken er over, lever samane framleis med problema som denne politikken skapte. Eg forventar at kommisjonsarbeidet munnar ut i tiltak som gjer opp for den øydeleggjande politikken som er ført over fleire hundre år, og som brtrar vår stilling i dag, seier Niillas.

(©NPK)

Sametinget. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix

Annonse