Sandefjord selde islandsk keeper til Danmark

Den islandske keeperen Ingvar Jónsson (28) er selt frå eliteserieklubben Sandefjord til Viborg i dansk 1. divisjon.

Den islandske keeperen Ingvar Jónsson (28) er selt frå eliteserieklubben Sandefjord til Viborg i dansk 1. divisjon.

Det bekreftar Sandefjord på sin nettstad torsdag. 28-åringen har allereie reist til Danmark og slutta seg til den nye klubben. Viborg held til på nest høgste nivå.

- Eg er utruleg takknemleg for tida eg har fått her i Sandefjord. Både eg og familien har trivest veldig godt her i byen. Alle menneska i og rundt klubben, i byen og naboane våre set vi stor pris på. Det er tøft å skulle forlate dette, men sånn er livet som fotballspelar og eg må tenkje på karrieren, seier Jónsson.

Jónsson har spelt andrefiolin bak Eirik Holmen Johansen i Eliteserien denne sesongen, og har berre fått speletid i éin seriekamp denne våren.

- Ingvar har hatt eit ønske om speletid på eit høgare nivå enn han har fått hos oss denne våren. Vi har vore heldige og hatt to veldige gode keeperar hos oss. Vi forstår at han har ønskt det og vore opne for å gi han den moglegheita om ein riktig klubb for han dukka opp, seier dagleg leiar i Sandefjord Fotball, Per Ketil Berg.

Jónsson kom til Sandefjord frå Start i 2016, og spelte alle minutt i Eliteserien i fjor før han vart skadd i siste serierunde.

Keeperen var i Islands EM-tropp i 2016.

(©NPK)

Sandefjords keeper Ingvar Jónsson fortset karrieren i Danmark. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Annonse