Annonse

Saudi-Arabia hevdar å ha skote ned rakettar frå Jemen

Saudiarabiske medium melder at Jemen har skote opp to rakettar som hadde kurs for Riyadh. Rakettane skal ha blitt skotne ned av Saudi-Arabias luftforsvar.

Ifølgje ein statseid saudiarabisk TV-kanal vart rakettane skotne opp av Houthi-opprørarar i Jemen.

Saudi-Arabia melder regelmessig om at dei har skote ned rakettar som Houthi-opprørarane står bak, seinast måndag.

Same dag vart presidentpalasset i Jemen utsett for eit rakettangrep som Saudi-Arabia ifølgje houthiane stod bak. Minst seks menneske vart drepne.

(©NPK)

Annonse
Annonse