Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Tyrkisk politi gjekk tysdag inn i residensen til den saudiarabiske konsulen i samband med forsvinninga til Jamal Khashoggi. Konsulen har forlate landet.
uvakt@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 16.10.2018 kl 16:27
Sist oppdatert: 16.10.2018 kl 20:00
Under ei åtte timar lang ransaking av Saudi-Arabias konsulat natt til tysdag blei det funne giftige substansar som hadde blitt «malt over», ifølgje Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.
Samtidig hevda ein ikkje namngjeven tyrkisk tenestemann overfor AP tysdag at politiet har funne «sikre bevis» på at Khashoggi blei drepen i konsulatet.
Khashoggi forsvann etter å ha gått inn i konsulatet 2. oktober.
Etterforskninga blei tysdag ettermiddag utvida til å omfatta residensen til konsulen. Tyrkisk politi gjekk inn i bustaden berre ein time etter at konsul Mohammed al-Otaibi forlét Istanbul med eit fly med kurs for Riyadh, fortel tyrkiske medium.
Onsdag skal USAs utanriksminister Mike Pompeo ha samtalar i Tyrkia. Der skal han møta den tyrkiske motparten sin Mevlüt Çavusoglu for å diskutera bilaterale og regionale saker. Utsegna frå tyrkisk UD nemner ikkje noko om at forsvinninga til Khashoggi skal vera tema. Men før besøket var blitt stadfesta, hadde Cavusoglu uttalt at Pompeo skal informera han om møta sne i Riyadh.
Pompeo møtte tysdag Saudi-Arabias utanriksminister Adel al-Jubeir i Riyadh. Der skal sistnemnde ha sagt seg einig i at det trengst ei grundig etterforsking av forsvinninga til journalisten Jamal Khashoggi.
- Utanriksministrane blei einige om verdien av ei grundig, open og snarleg etterforsking, sa talsmannen til Pompeo,Heather Nauert, etter møtet.
Pompeo møtte også kong Salman og den mektige kronprinsen i landet, Mohammed bin Salman. Under møtet trekte kronprinsen fram det gode forholdet mellom USA og Saudi-Arabia.
- Vi er sterke og gamle allierte. Vi møter utfordringane våre saman, i fortida, i notida og i framtida, sa bin Salman.
Den kjende saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi har det siste året vore busett i USA, der han blant anna skreiv for Washington Post.
Her har han levert kommentarartiklar med kritikk av kronprins bin Salman. Den same avisa skreiv sist veke at amerikanske etterretningsorganisasjonar hadde fått informasjon om at kronprins Mohammed bin Salman gav ordre om ein operasjon for å lokka Khashoggi ut av USA og arrestera han.
Kjelder i det tyrkiske statsapparatet hevdar Khashoggi blei mishandla, drepen og partert inne på konsulatet til Saudi-Arabia i den tyrkiske storbyen Istanbul. Saudi-Arabia avviser skuldingane.
President Donald Trump har ymta om at USA kan innføra sanksjonar mot Saudi-Arabia. Trump har likevel gjort det klart at han ikkje ønskjer å stoppa det omfattande våpensalet til det eineveldige, ultrakonservative muslimske kongedømmet.
Utanriksredaktør Philip Christian ved den danske nettstaden Kongressen.com, som set søkjelys på amerikansk politikk, seier til nyheitsbyrået Ritzau at han ikkje trur saka vil få store konsekvensar for tilhøvet mellom USA og Saudi-Arabia. USA har for mange interesser som veg meir enn drapet på ein enkelt journalist, meiner Christian.
Han meiner at Trump ved å senda Pompeo vil at det skal sjå ut som om USA tek saka alvorleg.
- Han sa måndag at det nok var snakk om gjerningsmenn som jobba utan at regimet i Riyadh visste om det. Viss ein bestemmer seg for å støtta den historia, vil det ikkje vera nokon grunn til å straffa regimet i Riyadh, seier Christian.
(©NPK)
USAs utanriksminister Mike Pompeo møtte tysdag ettermiddag Saudi-Arabias kronprins Mohammed bin Salman for å diskutera Khashoggi-saka. Foto: Leah Millis / AP / NTB scanpix
Residensen til den saudiarabiske konsulen er ein del av etterforskinga til tyrkisk politi av forsvinninga til Jamal Khashoggi. Foto: AP / NTB scanpix