Klargjør siden...

Schmeichel slaktar VM-ballen

Landslagskeeperen til Danmark Kasper Schmeichel stemplar ballen som skal brukast under fotball-VM som «skrekkeleg» og varslar målfest.

Schmeichel, som til dagleg spelar for Leicester i Premier League, jobbar i desse dagar intenst for å vende seg til VM-ballen.

- Det er ein skrekkeleg ball, seier den danske keeperprofilen til Politiken.

Schmeichel meiner ballen, som er produsert av utstyrsgiganten Adidas, er utilrekneleg. Den kan bli eit mareritt for keeperane i Russland.

- Dei designar jo ikkje ballane til oss målmenn, dei designar den for å sjå mål, og det trur eg også dei oppnår med denne ballen, seier Premier League-profilen.

Han gir vidare ballen føljande attest:

- Den er utilrekneleg, den er hurtig - lynhurtig - og så er den veldig glatt. Vi har testa fire-fem forskjellige slags hanskar, og det er ingen av dei som gir eit skikkeleg grep på den. Men sånn er det, og det er likt for alle keeperane.

I dagane som står att til avspark fortset testinga av ballen.

(©NPK)

Annonse
Annonse