Klargjør siden...

Seks palestinarar drepne av israelske soldatar på Gazastripa

Ein 14-åring, ein 18-åring og fire andre palestinarar vart fredag drepne av israelske soldatar under nye protestar på Gazastripa, ifølgje helsestyresmaktene.

Ein talsmann for helsedepartementet på Gazastripa, Ashraf al-Qudra, namngir ein 14-åring og ein 18-åring som to av offera. Dei skal ha blitt skotne og drepne med skarp ammunisjon i to ulike episodar. Seinare opplyste styresmaktene at ytterlegare fire personar var skotne og drepne.

Ifølgje den israelske hæren hadde omtrent 20.000 menneske, omtalt som «bråkmakarar», samla seg på ulike stadar langs grensegjerdet som skil Israel og Gazastripa fredag. Dei blir skulda for å ha kasta granatar og andre eksplosive gjenstandar.

Sidan mars har palestinarar på Gazastripa demonstrert minst éin gong i veka i mot den israelske blokaden og det at palestinske flyktningar ikkje får vende tilbake til stadar palestinarane flykta frå då staten Israel vart oppretta i 1948.

Minst 191 palestinarar er i perioden skotne og drepne av israelske soldatar, dei fleste i samband med protestane langs grensa. Enkelte har også blitt drepne i luftangrep og i granateld frå israelske stridsvogner.

(©NPK)

Palestinarar protesterer på Gazastripa fredag. Foto: Khalil Hamra / AP / NTB scanpix

Annonse