Klargjør siden...

Sel Jøtul til oppkjøpsfond

Det svenske oppkjøpsfondet Ratos sel omnsprodusenten Jøtul for 360 millionar kroner til eit anna oppkjøpsfond, OpenGate Capital.

Ratos eig 93 prosent av Jøtul.

Investeringa har ikkje vore spesielt lønnsam for Ratos, oppgir seljaren sjølv i ei pressemelding. Sjølv om salet gir ein positiv nettoeffekt på 40 millionar svenske kroner, er den årlege gjennomsnittlege avkastingsraten negativ.

Jøtul har i dag produksjonsanlegg i Noreg, Danmark og USA. Ifølgje Ratos hadde omnsprodusenten ei omsetning på 898 millionar kroner og eit netto driftsresultat (EBITA) etter avskrivingar på 11 millionar kroner dei siste 12 månader per 30. september i fjor.

Jøtul vart starta i 1853, men var på konkursens rand på slutten av 1920-talet, då selskapet vart overtatt av Johannes Gahr, morfar til Jonas Gahr Støre. Gahr fekk skuta på rett kjøl, og selskapet vart selt til Norcem-konsernet i 1977, skriv Nettavisen.

(©NPK)