Annonse

Semje i årets lønnsoppgjer i Bane Nor

Det er semje i lønnsoppgjeret mellom Bane Nor og forbunda som representerer tilsette i selskapet.

Onsdag ettermiddag blei partane samde om lønnstillegg som vert gitt med verknad frå 1. april 2018, i tillegg til justeringar av minstelønnssatsar og tillegg i overeinskomstane. Det blir ei ny pensjonsordning som erstattar den mellombelse innskotspensjonsordninga frå 1. januar 2019.

- Partane har brynt seg på kvarandre, slik det skal vere i forhandlingar mellom likeverdige partar. Samtidig har det vore ein god tone prega av gjensidig respekt og med eit felles mål om å komme til semje utan å gå vegen om sentrale forhandlingar og mekling, seier konsernsjef Gorm Frimannslund i Bane Nor.

Forhandlingane har gått føre seg mellom Bane Nor og Norsk Jernbaneforbund, Sammenslutnigen av akademikerorganisasjoner i Spekter (SAN), Delta, Norsk Lokomotivmannsforbund og Unio.

Dei fem forbunda representerer rundt 80 prosent av dei vel 4.500 tilsette i Bane Nor.

(©NPK)

Konsernsjef Gorm Frimannslund i Bane Nor seier partane har brynt seg på kvarandre under tarifforhandlingane. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Annonse