Klargjør siden...

Sian fekk nei til markering på 22. juli-plassen i Trondheim

Organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (Sian) får ikkje lov til å halde ei politisk punktmarkering på 22. juli-plassen i Trondheim laurdag 21. juli.

Organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (Sian) får ikkje lov til å halde ei politisk punktmarkering på 22. juli-plassen i Trondheim laurdag 21. juli.

Det er Kyrkjeleg fellesråd som eig minnestaden, og dei har sett foten ned for ei slik markering, skriv Adresseavisen.

- Det er kort og godt fordi dette er ein minnestad, og vi gjer det av omsyn til offer og etterlatne. Vi har også offer med muslimsk bakgrunn i denne terroraksjonen. Dette er Kyrkjas grunn, og vi kan ikkje akseptere ei slik politisk markering på grunnen til Kyrkja, seier Svein Willy Danielsen, leiar av Kyrkjeleg fellesråd i Trondheim.

Sian skriv på sine nettsider at dei ser islam som ein trussel mot Noregs fred og fridom. Lars Thorsen i Sian seier til Adresseavisen at dei eigentleg ville ha markeringa på Torvet, men det er under oppussing. Sian søkte dessutan først på datoen 30. juni.

Thorsen i Sian seier at dei vurderer å klage.

- Vi er ikkje ute etter å provosere nokon, men vi har heller ingen ting med terroraksjonen eller offera å gjere. Vi vil halde oss til sjølve parken, og den er meir enn eit 22. juli-monument. Det er ein park, ikkje berre ein minnestad, seier Thorsen

Ap-ordførar Rita Ottervik har tidlegare sagt at det er uaktuelt å forby politiske markeringar på minnestaden etter 22. juli i Tordenskioldparken.

- Men eg har også sagt at det skal vere ein open og inkluderande plass med respekt for mennesket. Det skal vere ein stad vi kan ta avstand frå ekstreme politiske og ideologiske haldningar og handlingar. Eg oppfattar ikkje at Sian er veldig opptatt av openheit, respekt og demokrati, seier ordførar Ottervik.

(©NPK)

Eg oppfattar ikkje at Sian er veldig opptatt av openheit, respekt og demokrati, seier ordførar Rita Ottervik i Trondheim. Foto: Ole Morten Melgård / NTB scanpix