Annonse

Sikta polakk i menneskehandelssak blir lauslaten

Den polske mannen som er sikta for menneskehandel i Fresvik i Sogn og Fjordane, blir ikkje varetektsfengsla.

I avgjerda frå Gulating lagmannsrett heiter det mellom anna at «lagmannsretten i likhet med tingretten finner at siktede ikke med skjellig grunn kan mistenkes for å være skyldig etter siktelsen». Paragrafen det blir til vist gjeld menneskehandel, melder NRK.

Bergen tingrett ville heller ikkje varetektsfengsle mannen. Derfor anka politiet saka til lagmannsretten.

49-åringen er sikta for å ha gitt polske arbeidarar dårleg lønn og dårlege bu- og arbeidsforhold.

- Vi er nøgde med konklusjonen i tingretten og ventar at dette vil bli resultatet òg i lagmannsretten. Vi ventar òg at den vidare etterforskinga vil støtte opp om forklaringa til den sikta, seier forsvararen til polakken, advokat Anette Vangsnes Askevold.

Ho er kritisk til politiet sitt anslag om at det skal vere 30 til 40 arbeidarar som er utnytta.

- Vi meiner det er unndragingsfare og fare for øydelegging av bevis, sa politiadvokat Bernt Kallevik Dahlsveen i Vest politidistrikt om kvifor lauslatinga vart anka.

(©NPK)

Den polske mannen som er sikta for menneskehandel i Fresvik i Sogn og Fjordane, blir ikkje varetektsfengsla. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Annonse