Klargjør siden...

Situasjonen stadig meir spent i Zimbabwe

Zimbabwes opposisjonsleiar Nelson Chamisa står fast på at han vann valet. Situasjonen blir stadig meir spent mens folk ventar på beskjed frå valkommisjonen.

- Vi har vunne dette valet. Det dei har prøvd å gjere i det siste, er å tulle ... Det er fusk, det er manipulering, forsøk på å gjere resultatet ureint, og det vil vi ikkje tillate, sa Chamisa torsdag.

Utsegna kom idet valkommisjonen etter fleire utsetjingar gjorde seg klar til å offentleggjere kven som vann presidentvalet måndag.

Same dagen besøkte Chamisa opposisjonstilhengarar som vart såra da politi og soldatar brukte skytevåpen, tåregass og vasskanonar for å slå ned protestane dagen før. Seks personar vart, ifølgje politiet, drepne i uroa, men politiet seier ingenting om korleis dei mista livet.

- Vi ser angrep på uvæpna sivile. Er dette normalt sjølv i ein bananrepublikk? spurde Chamisa.

Samtidig blir det meldt at politiet har starta etterforsking av Chamisa og fleire andre, blant dei opposisjonspolitikar Tendai Biti. Dei er mistenkte for å ha oppmoda til vald og for å ha hatt farlege våpen, opplyser advokaten Kumbirai Mafunda til nyheitsbyrået AP.

I samband med etterforskinga er det ferda ut ein ransakingsordre som gir politiet høve til å eventuelt konfiskere gjenstandar som dei reknar som bevis.

Sperra av MDCs kontor

Politiet sperra torsdag av hovudkvarteret til opposisjonspartiet MDC i Harare, og soldatar og politi patruljerte framleis gatene i sentrum av hovudstaden.

Storbritannia meiner soldatane må bort.

- Vi fordømmer den overdrivne maktbruken frå tryggingsstyrkane mot demonstrantane, seier den britiske ambassaden i Harare i ei Twitter-melding.

- Den britiske ambassadøren møtte regjeringsministrar i går og i dag og gjorde det klart at militæret bør fjernast frå Harares gater. Tryggingsstyrkane må opptre heilt beherska, heiter det vidare.

Skuldar på opposisjonen

Regjeringspartiet Zanu-PF gir opposisjonen skulda for valden. Politiet rettar òg fingeren mot demonstrantane, og på ein pressekonferanse torsdag vart det hevda at rundt 4.000 opposisjonelle «okkuperte» sentrum av Harare.

Somme av dei bar på jernstenger og steinar, opplyste politiet

Menneskerettsaktivistar, observatørar og opposisjonen har likevel ein annan versjon. Dei fortel korleis styrkane sprang inn i folkemengda og slo ned tilfeldige folk med geværkolbane samtidig som dei brukte tåregass, vasskanonar og skaut med skarpt.

Sigerssikker

Ein talsmann for Zanu-PF, Paul Mangwana, tok torsdag oppatt skuldingane om at opposisjonen hadde ansvaret for valden dagen før. Han sa òg at det er lite truleg at fungerande president Emmerson Mnangagwa taper valet, og han oppmoda opposisjonen til å takle eit nederlag med verdigheit.

- Når du har to tredels fleirtal i nasjonalforsamlinga, er det ikkje mogleg å ikkje vinne presidentvalet, sa talsmannen.

Emmerson Mnangagwa var lenge ein nær alliert av den mangeårige diktatoren i Zimbabwe, Robert Mugabe. Da hæren avsette Mugabe i fjor haust, var Mnangagwa visepresident og overtok dermed presidentvervet.

(©NPK)

Politi og soldatar patruljerte torsdag i gatene i Harare mens heile landet venta på beskjed om kven som har vunne presidentvalet. Foto: Mujahid Safodien / AP / NTB scanpix

Opposisjonsleiar Nelson Chamisa (i midten) møter tilhengarar idet han besøkjer personar som er innlagde på sjukehus etter å ha vorte skadde i samanstøytane i Harare onsdag. Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / AP / NTB scanpix