Sivertzen blir landslagstrenar

Den skadeplaga snowboardaren Stian Sivertzen måtte legge opp i fjor. No er han tilbake i landslaget som trenar.

29-åringen frå Kongsberg var Noregs beste i snowboardcross i ei årrekkje. Han vann blant anna to bronsemedaljar i X-Games og deltok i OL, men skadar plaga han gjennom heile karrieren.

- Eg har hatt lyst til dette sidan eg la opp og gler meg til vere med å byggje det som forhåpentlegvis blir eit endå betre lag. Eg ser eit kjempepotensial hos køyrarane. Vi skal ha fokus på å ha det morosamt på trening, men også jobbe seriøst og målretta. Det er viktig å skape ein kultur for å gjere gode prestasjonar gjennom godt samarbeid, seier Sivertzen i ei pressemelding.

Ny landslagstrenar er også Marius Håker. Ut av trenarapparatet går Sondre Hylland, mens landslagssjef Per Iver Grimsrud går over i ei meir organisatorisk rolle.

(©NPK)

Stian Sivertzen blir landslagstrenar i snowboard frå neste sesong.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Annonse