Sjå opp for villvin, vrifuru og sølvtvetann 

Høyrt om villvin, vrifuru og sølvtvetann? Desse framande artane utgjer ein mykje større risiko enn ekspertane trudde i si førre vurdering i Noreg.

Høyrt om villvin, vrifuru og sølvtvetann? Desse framande artane utgjer ein mykje større risiko enn ekspertane trudde i si førre vurdering i Noreg.

Ny kunnskap og nye metodar gjer at ei rad artar har endra status på Artsdatabankens framandartsliste i år, samanlikna med førre vurdering i 2012.

- Med den nye framandartslista har vi fått oppdatert og solid kunnskap om mange framande artar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Artsdatabanken har no gjennomført si tredje risikovurdering.

- Det gjeld både artar som har etablert seg, og dei som banker på og dermed kan etablere seg i Noreg. Framandartlista er ein grunnplanke i arbeidet for å sikre effektiv innsats mot framande, skadelege organismar, understrekar statsråden.

Den nye lista vart lagt fram under konferansen «Fremmede organismar - risiko for natur, plante- og dyrehelse» tysdag.

Sølvtvetann

Den einaste arten som har hoppa opp fire trinn på skalaen sidan førre vurdering, er hageplanta sølvtvetann. Den har gått frå å ha «ingen kjent risiko» til å ha «svært høg risiko».

Endringa kjem ikkje av stor spreiing, men at det er fare for at planta hybridiserer med skoggulltvetann, som er kritisk trua. Dersom hybridane kryssar tilbake med skoggulltvetann, vil det kunne føre til ei innblanding av sølvtvetanngener i denne trua arten.

Sju artar har gått opp tre trinn i risiko, frå «ingen kjent risiko» til «høg risiko», og ein av dei er villvin. Dette er ei fleirårig klatrebusk frå Nord-Amerika og ei velkjent hageplante i Noreg. Han er blitt brukt til å dekke støyskjermar og bratte skråningar.

Problemet med villvinen er at han dannar tette matter som fortrenger heimlege og til dels sårbare og sjeldne planter.

Vrifuru og gjedde

Éin av dei 25 artane som har gått opp to trinn i risiko, er vrifuru, eit lyselskande treslag frå det vestlege Nord-Amerika. Det har gått frå «potensielt høg risiko» i 2012 til «svært høg risiko» i år.

Treet kan bli 25 meter høgt i Noreg og kan endre miljøforholda sterkt ved at lauvtre blir erstatta av bartre. Det er no dokumentert at arten har spreidd seg og er etablert med ville bestandar i ti fylke.

For første gong har Artsdatabanken også risikovurdert artar som er regionalt framande.

Gjedde er regionalt framand i ei rad norske fylke, sjølv om den også finst naturleg i delar av landet.

Det har gjennom lang tid vore omfattande spreiing av gjedde i norske vassdrag, og i seinare år har det vore sett ut gjedde i fleire innsjøar i Sør-Noreg. Gjedda har sterk evne til å spreie seg, og ho kan påverke naturen blant anna ved å utrydde aure i mindre innsjøar. Ho utgjer dermed «svært høg risiko» for naturmangfaldet.

Snøkrabbe

Snøkrabbe har gått ned frå «svært høg risiko» til «potensielt høg risiko», fordi ekspertane no ser på Svalbard og fastlandet kvar for seg. Mens snøkrabben har fått lågare risikokategori på fastlandet, er han vurdert til å utgjere «svært høg risiko» i havet utanfor Svalbard.

Artar som framleis er i kategorien «svært høg risiko» er sørhare, gullregn og kongekrabbe.

Artsdatabankens risikovurderingar går no under namnet framandartslista, og ein har gått bort frå å bruke omgrepet svartelista om enkelte framande arter.

(©NPK)

Snøkrabbe har gått ned frå «svært høg risiko» til «potensielt høg risiko» fordi Artsdatabanken no ser på Svalbard og fastlandet kvar for seg når den utarbeider si framandartsliste. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Annonse