Klargjør siden...

Sjakk: Superduell for Carlsen

Magnus Carlsen møter kinesiske Ding Liren i europacupen i sjakk onsdag. Det kan ende med eit blytungt tap for éin av dei.

Carlsen rykker stadig nærmare å miste posisjonen som verdseinar. I augneblinken er den norske verdsmeisteren fire ratingpoeng framfor VM-motstandar Fabiano Caruana.

Det betyr at Carlsen må plukke 1,5 av 2 moglege poeng i dei to siste partia i europacupturneringa i Hellas for å behalde posisjonen som verdseinar.

Oppgåva onsdag blir av den svært vrine sorten. Kinesiske Ding Liren har spelt 92 strake parti utan tap og er på full fart opp på verdsrankinga. I augneblinken er han nummer fire.

Latviske Mikhail Talj spelte i si tid 95 turneringskampar på rad utan å tape. Det står visstnok framleis som rekord i internasjonal sjakk, men Ding er på veg til å gjere noko med det.

Kinesaren vil etter alle solemerke selje seg dyrt mot Carlsen. Samtidig vil ein remis gjere at Ding beheld sin fine tapsfrie statistikk, og at Carlsen framleis kan kalle seg verdseinar.

Det siste har verdsmeisteren vore tydeleg på at betyr mykje framfor VM-duellen mot Caruana i neste månad.

Stjernepartiet i Halkidiki er samtidig svært viktig også for Carlsens klubb Vålerenga. Oslo-klubben møter superlaget Alkaloid frå Makedonia, av mange rekna som favoritt til å vinne turneringa. På førehand blir det snakka om ein mogleg «moralsk finale».

Vålerenga har imponert stort i Hellas den siste tida og er for fullt med i kampen om sigeren. Fem lag er i delt leiing med 9 av 10 moglege lagpoeng.

Legg ein såkalla kvalitetsberekning til grunn er Oslo-klubben nummer tre på resultatlista når to rundar står att.

(©NPK)

Magnus Carlsen møter ein ny vrien motstandar. Foto: Jack Nilssen / NTB scanpix