Sjåstad Christiansen ut av landslaget i freeski

Tiril Sjåstad Christiansen (23) bryt med landslaget i freeski før kommande sesong.

Tiril Sjåstad Christiansen (23) bryt med landslaget i freeski før kommande sesong.

I ei pressemelding frå Norges Skiforbund forklarer ho kvifor ho ikkje ønskjer å vere ein del av landslaget for sesongen 2018/2019. «Twintip-Tiril» ønskjer ikkje lenger berre å vere «Twintip-Tiril».

- Å vere på Nor Freeskilandslaget har vore mi verd og det har betydd utruleg mykje for meg. Men det inneber også ein ganske «heavy» konkurranse- og treningsplan, som først og fremst er fokusert rundt å gjere det bra i verdscupen og dei største konkurransane i park. For 2018-2019-sesongen har eg lyst til å køyre dei konkurransane eg likar best, og eg ønskjer å stå fritt til å velje kva eg vil køyre og gi meg sjølv litt ekstra spelerom, seier 23-åringen.

Ho ønskjer å teste ut andre ting som skikøyringa kan by på.

- Så langt har kallenamnet mitt vore «Twintip-Tiril», så no har eg lyst til å teste «Topptur-Tiril» og «Freeride-Tiril», men utan at «Twintip-Tiril» blir lagt bort. Eg set utruleg stor pris på all støtte og det gode samarbeidet eg har hatt med alle i NOR Freeski og Skiforbundet i så mange år, og eg er sikker på at vi kjem til å fortsette med det i åra som kjem også, seier ho.

Felix Stridsberg Usterud er heller ikkje med på landslaget til neste år. Han ønskjer å prioritere annleis enn dei fem siste åra.

(©NPK)

Tiril Sjåstad Christiansen i slopestylefinalen under OL i Pyeongchang. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix.

Annonse