Sjølvmordsangrep mot møte som fordømte sjølvmordsangrep i Afghanistan

Minst sju menneske vart drepne då ein angripar sprengde seg ved eit religiøst stormøte i Kabul der deltakarane fordømte bruk av sjølvmordsangrep.

Rundt 2.000 medlemmer av det afghanske Ulema-rådet var måndag samla i eit stort telt på eit universitetsområde i hovudstaden Kabul.

Idet møtet gjekk mot slutten, vedtok dei islamske leiarane ei erklæring - ein såkalla fatwa - som slo fast at sjølvmordsangrep strir mot islamsk lov.

Kort tid etter vart ein eksplosjon løyst ut ved inngangen til universitetsområdet. Møtet til dei religiøse leiarane vart sjølv ramma av eit sjølvmordsangrep, ifølgje politiet.

Minst sju menneske vart drepne, og 20 er såra. Hadde gjerningsmannen klart å ta seg lenger inn på området, kunne fleire blitt drepne, opplyser politisjef Ghafor Aziz.

Fleire av dei øvste islamske leiarane i landet var til stades på møtet i teltet som også blir brukt av det afghanske eldsterådet Loya Jirga. I erklæringa som var vedtatt, blir det også slått fast at kidnappingar, bombeangrep og sjølve krigen i Afghanistan strir mot islam.

Ingen har så langt tatt på seg skulda for sjølvmordsangrepet. Kabul er den siste tida blitt ramma av ei rad angrep utført av Taliban og ekstremistgruppa IS.

I førre veke vart ein politimann drepen og fem andre såra i eit angrep på innanriksdepartementet i byen som IS hevda å stå bak. Taliban-rørsla har varsla at den vil trappe opp sine angrep i den afghanske hovudstaden.

(©NPK)

Sikkerheitsstyrkar nær staden der eit religiøst stormøte måndag vart ramma av eit sjølvmordsangrep i Kabul. Foto: AP/NTB scanpix

Annonse