Sjømat Noreg nøgd med utgreiing om havbruksskatt

Sjømat Noreg meiner det ikkje er grunnlag for å innføre særskatt for laksenæringa, men set likevel pris på ei utgreiing om ulike skatteordningar.

- Det er klokt å ha is i magen, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark til NTB.

Bransjeorganisasjonen synest det er betre med ei brei, partssamansett utgreiing, der næringa også blir høyrt, enn eit «benkeforslag i Stortinget». Det viser til SVs forslag om å innføre ei grunnrenteavgift, ei avgift bedrifta betaler for å utnytte ein felles naturressurs, nemleg havet. Inntektene skulle gå til vertskommunane.

Ystmark trur utgreiinga vil gje meir føreseielege vilkår.

- Vi ønsker sjølvsagt å sikre at vi får eit skattesystem som gjer at verdiskaping blir igjen langs kysten. Og vi ønsker eit skattesystem som gjer at næringa har evne til å investere i utvikling. Det er biologiske utfordringar som skal løysast og store tekniske innovasjonar som skal på plass, seier Ystmark, som også ber politikarane ta omsyn til at næringa er konkurranseutsett.

- Trur du dette vil ende med meir eller mindre skatt for næringa?

- Det spørst kor klok ein er, svarar Ystmark, og fortar seg å påpeike at lønsemda i næringa har variert mykje. Den høge kiloprisen ein har no, kjem ikkje til å vare, åtvarar han.

Han viser samtidig til at næringa bidrar til fellesskapet gjennom Havbruksfondet, der inntekter frå konsesjonssal blir fordelt, med kommunane som største mottakar, og dessutan at lakseoppdrettarar betaler skattar og avgifter som andre bedrifter.

- Å innføre ein ny særskatt på topp, meiner eg det ikkje er grunnlag for.

(©NPK)

Administrerande direktør Geir Ove Ystmark i bransjeorganisasjonen Sjømat Noreg meiner det er bra at Stortinget tar seg tid til ei grundig utgreiing før dei innfører eit eventuelt nytt skattesystem for oppdrettsnæringa. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse