Annonse

Sju år med høgare snittemperaturar på Svalbard

Temperaturen på Svalbard har lege over normalen heile 90 månader på rad, altså i sju år.

- Dette er dessverre ikkje oppsiktsvekkjande. Det er som venta, og det er eit teikn på klimaendringane, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt.

Meteorologane har samanfatta vêret for mai månad, og den aukande snittemperaturen på Svalbard er eitt av dei dystre funna.

(©NPK)

Klimaendringane gjer seg gjeldande på Svalbard. Bildet er tatt frå fjellet Sukkertoppen ned mot dei karakteristiske spisshusa i Longyearbyen. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Annonse