Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Det norske tennishåpet Casper Ruud slit framleis med ei vond hofte. Han tapte mot slovaken Alex Molcan i 2. runde i Challengerturneringa onsdag.
egil.sether@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.09.2018 kl 20:00
Etter å ha tapt 4-6 i det første settet og komme under 0-2 i det andre, måtte Ruud gi seg med ein skade.
Ruud var storfavoritt hos spelselskapa til å vinne kampen i Sevilla. Det trass i at Molcan kom frå 19 strake sigrar. Ruud er nummer 143 på siste ATP-ranking, medan Molcan er nummer 538.
Det vart ein dårleg start på kampen av nordmannen i turneringa han vann for to år sidan. Ruud var tidleg i problem og vart broten av slovaken i det første gamet.
Den norske 19-åringen kom litt betre i gang i det andre gamet, men såg ut til å slite med lengda på grunnlinjeslaga sine, og han tapte også ein del «enkle» poeng på såkalla upressa feil.
Han klarte derimot å redusere til 1-2 i eigen serve. I det fjerde gamet fekk han første moglegheit til å bryte serven til motstandaren og utnytta den til å redusere til 2-2.
Etter å ha tatt leiinga 3-2 fekk Ruud problem på ny. Han tapte dei to neste setta og det sjuande blankt i sin eigen serve.
Ruud tok seg vidare til hovedturneringa i US Open, men var plaga med ein hofteskade og rauk ut i 1. runde. På stillinga 4-5 måtte nordmannen ha ein medisinsk pause og få massasje på si vonde hofte. Han klarte likevel ikkje å hindre at slovaken tok heim det første settet med 6-4.
Ruud vart også broten i sitt første servegame i det andre settet og motstandaren kunne enkelt gå opp til 2-0. Då gav nordmannen seg.
Tysdag rauk Ruud også ut av doubleturneringa i Sevilla.
(©NPK)
Casper Ruud måtte gi seg i 2. runde i Challenger-turneringa i Sevilla mot slovaken Alex Molcan onsdag. Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.