Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Berre timar før den oppsette storkampen mot Maria Sjarapova, måtte tennisstjerna Serena Williams trekkje seg frå Grand Slam-turneringa Roland-Garros.
espen.hartvig@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.06.2018 kl 15:52
Ei skuffa Williams måtte til slutt innsjå at ho ikkje kan spele vidare på grusen i Paris. Ho forklarte at ho har pådrege seg ein muskelskade i brystet, og at ho ikkje kan serve.
Den hardtslåande amerikanaren vart mor i fjor haust og har ikkje spelt ei Grand Slam-turnering sidan Australian Open i 2017.
I comebacket på Roland-Garros har ho først og fremst fått merksemd for å spele i ein heildekkjande, svart drakt, men ho har også spelt godt nok til å ta seg vidare til 4. runde.
Der var det duka for stormøte med Sjarapova, som kritiserte Williams i ei bok ho gav ut nyleg. Williams har avfeia referansane til henne i boka som sludder. Og noko nytt stjernemøte mellom dei blir det altså ikkje på ei stund.
Williams har vunne Roland-Garros tre gonger, seinast i 2015. Ho har i alt 23 Grand Slam-titlar i single.
(©NPK)
Serena Williams må gi seg i Roland-Garros på grunn av ein skade. Foto: Christophe Ena / AP / NTB scanpix