Klargjør siden...

Skavlan for dyr for NRK - går til TV 2

NRK opplyste tysdag at Fredrik Skavlan, som har leidd talkshowprogram på NRK i 20 år, melder overgang til TV 2. 

NRK forlenger ikkje kontrakten med Monkberry, som har laga talkshowet «Skavlan». Årsaka er at det vart for dyrt for statskanalen.

- Vi synest naturleg nok at det er synd, for Skavlan har vore viktig innhald for NRK. Fredrik Skavlan har vore ein av NRKs viktigaste profilar i 20 år, seier eksternredaktør i NRK Petter Wallace til NRK.no.