Skiri blir toppspelarutviklar

Den tidlegare AaFK-spelaren Amund Skiri (40) blir toppspelarutviklar i klubben.

Den tidlegare AaFK-spelaren Amund Skiri (40) blir toppspelarutviklar i klubben.

Skiri skal vere ein integrert del av både A-laget og G19-laget.

- For meg er det godt å komme heim til AaFK. Jobben eg skal ta tak i, er utruleg spennande, der eg skal gi alt for at flest mogleg spelarar kan få oppleve det eg har opplevd som spelar. Eg har gått løypa sjølv, og veit kva det går i. Eg kom til klubben som 18-åring og slutta som 34-åringen. All den erfaringa og fem år som fotballtrenar skal eg byggje inn mot toppspelarar for AaFK, seier Skiri i ei pressemelding frå klubben.

(©NPK)

Annonse