Klargjør siden...
Annonse

Skiskyting: Bjørndalen går i Holmenkollen

Skiskyttarforbundet bekreftar at veteranen Ole Einar Bjørndalen også går verdscup i Holmenkollen. Emil Hegle Svendsen stiller ikkje til start etter sjukdom.

Bjørndalen gjekk inn til 12.-plass på sprinten i finske Kontiolahti torsdag. Då hadde han ikkje gått i verdscupen sidan 10. januar. 44-åringen, som vart vraka til Pyeongchang-OL førre månad, fekk det tyngre på fellesstarten søndag - då måtte han nøye seg med ein 28.-plass.

Måndag bekreftar Norges Skiskytterforbund at Bjørndalen også får sjansen i Kollen denne veka. Bjørndalen erstatta Emil Hegle Svendsen i Kontiolahti, og Svendsen er framleis ikkje hundre prosent etter sjukdom.

Sprint for kvinner og menn er det første på Kollen-programmet denne veka. Den går torsdag.

Forbundet har tatt ut desse løparar til Kollen:

Menn: Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Erlend Bjøntegaard, Lars Helge Birkeland, Henrik L'Abée-Lund, Ole Einar Bjørndalen. Kvinner: Tiril Eckhoff, Marte Olsbu, Synnøve Solemdal, Ingrid Tandrevold, Hilde Fenne.

(©NPK)

Ole Einar Bjørndalen får sjansen i Kollen.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix