Skjelbreid om Hanevold: - Veldig, veldig takksam for å ha kjent han
Liv Grete Skjelbreid hadde mange sesongar saman med Halvard Hanevold i verdscupen, VM og OL. Fredag vart ein tøff dag for henne då han vart bisett.
Hanevold døydde i ein alder av 49 år. Skjelbreid er fødd fire år seinare enn han.
- Dette er uverkeleg og useieleg og ufatteleg trist, seier Skjelbreid til NTB etter seremonien.
Ho har tårer i auga når ho snakkar om Hanevold.
- Halvard var ein person som gav andre mykje tryggleik. Han var god og hadde god humor. Eg er veldig, veldig takksam for at eg fekk lære han å kjenne og oppleve så mange år saman med han.
Hanevold døydde 3. september og lèt etter seg kone og to barn.
(©NPK)
Ole Einar Bjørndalen, Lars Berger og Roger Grubben var blant dei som bar kista ut frå Asker kyrkje under gravferda for Halvard Hanevold. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix.