Skodespelar Minken Fosheim er død, 62 år gammal

Skodespelar Minken Fosheim (62) døydde natt til torsdag på Lovisenberg sjukehus etter ei tids sjukdom, med sine nærmaste rundt seg, opplyser familien.

Skodespelar Minken Fosheim (62) døydde natt til torsdag på Lovisenberg sjukehus etter ei tids sjukdom, med sine nærmaste rundt seg, opplyser familien.

Fosheim har spelt på mange av teatra i landet, og har deltatt i humorseriar for NRK og andre tv-kanalar. Ho var i mange år ein av våre viktigaste litteraturformidlarar for unge og vaksne i ulike radioformat.

Mest kjent er ho kanskje for litteraturprogrammet «God Bok» som gjekk på NRK på 1980- og 1990-talet. Minken Fosheim etterlèt seg ektemann og to søner.

Annonse