Annonse

Skogeigarane set inn ekstra tiltak mot skogbrann

Skogbrannfaren er ekstrem, og det gjeld nesten heile landet. Situasjonen påverkar også tømmerhogsten.

Dei som driv skogdrift har sett i gang ekstra tiltak og har med seg eige sløkkeutstyr i skogsmaskinene.

For tida er det varslingar som nærmast sprengjer alle skalaer. Verdiane er skyhøge, og skogbrannfaren blir kategorisert som «svært stor» i heile landet med unntak av dei tre nordlegaste fylka, men sjølv her er kategorien «stor fare» enkelte stader.

Trøndelag neste

Den typen klima som har skapt skogbrannfare på Austlandet og Sørlandet, kryp nordover og vestover.

- Vi ser av klimautviklinga at det ekstreme blir drege ut i begge retningar. Det blir våtare når det er vått og tørrare med lengre tørkeperiodar, seier statsmeteorolog Håkon Mjelstad. Han er medlem i skogbrannutvalet i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Mjelstad påpeikar at Trøndelag er eit område som bør auke medvettet knytt til skogbrannfare. Det gjeld også Vestlandet.

Største sidan krigen

Varabrannsjef Ove Stokkeland i Skien kommune i Telemark varslar at det no er veldig like forhold som sommaren 2008. Då vart Noreg vart ramma av den største skogbrannen sidan krigen. Skogområde tilsvarande nesten 3.000 fotballbaner gjekk tapt i Froland i Aust-Agder.

Stokkeland var sjølv med på sløkkingsarbeidet.

Brannen starta som følgje av gnistar frå ei skogsmaskin med kjettingar og belte.

Den hyppigaste årsaka til skogbrannar er bruk av grillar og bål, og det er i dag bålforbod i all skog og utmark.

- Men det er også ei utfordring med industri som jobbar i skogen. Vi er veldig glade for at dei som driv i skognæringa stoppar hogsten ein times tid før dei skal heim for dagen og sjekkar der dei har arbeidd, seier varabrannsjefen.

Skogsmaskiner kan lage gnistregn når dei grafsar i skogbotnen og treffer stein. Derfor kan brannvesenet også forby skogdrift av omsyn til brannfaren, skriv Brannvernforeningens fagblad Brann & Sikkerhet.

Brannsmekker

Skogeigarar og entreprenørselskapa som arbeider i skogen, innfører no fleire tiltak for å redusere skogbrannfaren. Dette gjer dei i samarbeid med blant anna brannvesenet og forsikringsselskapet Skogbrand, som er eigd av skogeigarane og er det einaste av sitt slag i Noreg.

Forsikringsselskapet har deltatt i arbeidet for å innføre nye rutinar og betre kvalitetssikringssystem i skogsarbeid.

- Dette kan innebere å ikkje køyre over tørt hogstavfall, ta av belte og kjettingar og vurdere å køyre berre på natt og formiddag, seier Kjetil Løge, marknadsdirektør i Skogbrand, til Brann & Sikkerhet.

Selskapet har distribuert pakker med sløkkeutstyr som hakker, skogbrannsmekker og vassdunk med såpevatn, som er meir effektivt enn reint vatn. I tillegg går skogsarbeidarane på kurs arrangert av brannvesenet.

Forsikringsdekninga for skogsområda våre er ganske bra for Aust- og Sørlandet, men særleg i Midt-Noreg, der ein ser at skogbrannfaren aukar, manglar fleire av skogane forsikring.

(©NPK)

Annonse