Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
NHO-sjef Kristin Skogen Lund tar i haust sjefskurset til Forsvarets høgskole. Dermed forlèt ho sitt verv mellom 14. august og 2. november.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 08.05.2018 kl 12:11
- I mange år har eg sjølv sendt deltakarar frå NHO til kurset for å lære. Alle eg kjenner som har deltatt, gir kurset svært gode skotsmål. Når denne moglegheita dukka opp på eit tidspunkt der det var mogleg for meg å delta, bestemte eg meg for å nytte sjansen, seier Skogen Lund i ei pressemelding.
Der heiter det at kurset tar for seg forsvars-, utanriks, og sikkerheitspolitikk. Årets tematiske fordjuping er «Sikkerhetsutfordringer i Nord-Europa - med Russland som nabo».
Viseadministrerande direktør Ole Erik Almlid blir NHO-sjef i Kristin Skogen Lunds fråvær.
(©NPK)
NHOs administrerande direktør Kristin Skogen Lund skal i haust ta Forsvarets sjefskurs. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix