Klargjør siden...

Skrantesjuke påvist hos elg i Finland

Det er påvist skrantesjuke hos ein elg i Finland, men det skal ikkje vere snakk om same type som har råka villrein i Noreg.

Ifølgje det finske mattilsynet (Evira) blei sjukdommen påvist hos ein 15 år gammal elg i Kuhmo, nær grensa til Russland. Det er første gong det er påvist skrantesjuke i Finland.

- Det er ingen grunn til å tru at dette har samanheng med skrantesjuke i Nordfjella, seier seniorforskar Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet.

I Noreg er skrantesjuke så langt påvist hos 18 villrein i Nordfjella, der ein heil villreinstamme på 1.407 dyr er slakta ned sidan november i fjor som følgje av dette.

Dei 18 reinsdyra i Nordfjella var smitta av ein variant av skrantesjuke som liknar på ein svært smittsam nordamerikansk variant.

Det er også påvist skrantesjuke på tre elgar og ein hjort i Noreg, men dette er ein annan og mindre smittsam variant av sjukdommen.

Elgen i Finland viser ifølgje Veterinærinstituttet likskapar med funn gjort på elg i Noreg.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Annonse