Klargjør siden...
Annonse

Skyting: To norske laggull i militært VM

Dei norske skyttarane imponerte veldig under militært VM i Sveits torsdag. Både kvinnene og mennene sikra laggull til Noreg.

- Det følast heilt storvegs. Vi hadde trua på at vi kunne vere eit gullag, men det er ein veldig underleg følelse akkurat no, sa Katrine Aannestad Lund til Laagendalsposten.

På det norske gullaget var også Jeanette Hegg Duestad og Oda Løvseth i aksjon på 60 skot liggjande 50 meter.

På herrelaget var bror til Aannestad Lund, Kim André, med. Saman med Ole-Kristian Bryhn og Odd Arne Brekne sørgde han for skytehistorie.

- Det har aldri skjedd før at same lag (nasjon) vinn to lagkonkurransar på same dag, sa Kim André Aannestad Lund til LP etter suksessen i standardgevær 300 meter.

Individuelle konkurransar står på programmet i Thun torsdag.

(©NPK)

Annonse