Klargjør siden...

Slo alarm om lause tigrar og løver i Tyskland - viste seg å vere falsk alarm

Styresmaktene i Lunebach i Tyskland slo alarm om at to løver, to tigrar og ein jaguar braut seg ut av ein dyrehage. No viser det seg at dyra aldri kom seg ut.

Dyrepassarar mista nemleg oversikta over dyra på grunn av ein flaum. I oppstyret varsla lokale styresmakter fredag at dei fem rovdyra hadde brote seg ut av dyrehagen.

Seint same ettermiddag opplyser ordførar Andreas Kuppert i Arzfeld at ingen av dei fem dyra forlét innhegninga. Det gjorde derimot ein bjørn, som blei skoten og drepen då den blei oppdaga på ein av publikumsvegane i dyrehagen. Feilmeldinga kjem av at dyrepassarane mista oversikt, ifølgje ordføraren.

Hendinga fant stad i dyrehagen Eifel Zoo i byen Lunebach.

- Det er to løver, to tigrar og ein jaguar som har komme seg fri, sa ein talsmann for distriktsadministrasjonen fredag formiddag. Innbyggjarane i området fekk beskjed om å halde seg innandørs.

Dyrehagen ligg nær grensa Tyskland har til Luxembourg og Belgia.

(©NPK)

Ein flaum i Eifel Zoo i Lunebach gjorde at dyrepassarar mista oversikta over dyra. Styresmakter frykta at fleire ville rovdyr kom seg laus, men dei blei seinare funnet i dyrehagen. Foto: Oliver Berg / DPA / AP / NTB scanpix