Slovakias president tatt imot på kongeleg vis

Slovakias president Andrej Kiska blei helst velkommen av kronprins Haakon då han kom til Gardermoen. Deretter bar det rett til Slottet til velkomstseremoni.

Det tre dagar lange statsbesøket til Oslo og Bergen er ein gjenvisitt etter at kongeparet besøkte Slovakia i 2010 for å styrke forholdet mellom landa.

På Slottsplassen blei presidenten tatt imot av kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit til ein formell velkomstseremoni, mens ein salutt på 21 kanonskot blei fyrt av på Akershus festning.

Kiska har et tett program føre seg dei tre dagane han skal vere i Noreg. Forutan faste poster på programmet som et møte med stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen og kransenedlegging på Akershus festning, skal presidenten møte statsminister Erna Solberg (H) for ein prat om blant anna grønt skifte og innovasjon.

Presidenten skal også besøkje Wilhelmsen-gruppa, som er godt etablert i Slovakia, og forskarklynga Oslo Cancer Cluster. I Bergen står også klimaforskinga ved Bjerknessenteret på programmet.

Tysdag er Kiska og følget hans invitert til ein spesialoppsetjing av Bjørnstjerne Bjørnsons «Over evne 2". Bjørnson er ein kjend figur i Slovakia, der han har fått både plassar og gater kalla opp etter seg fordi han i åra før sin død kjempa for rettane til slovakane, mellom anna retten til å snakke sitt eige språk på skulen og i kyrkjer.

(©NPK)

Oslo 20180604.
Slovakias president Andrej Kiska ved den offisielle velkomstseremonien føre slottet, saman med kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Oslo 20180604.
Slovakias president Andrej Kiska blei tatt imot av kong Harald. dronning Sonja, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit då han kom til Oslo på offisielt statsbesøk.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Oslo 20180604.
Dronning Sonja, kong Harald og kronprins Haakon tar imot Slovakias president Andrej Kiska på slottet.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Annonse