Klargjør siden...

Små endringar i arbeidsløysa

4,0 prosent av arbeidsstyrken var utan jobb ved utgangen av juli, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Ved utgangen av juli var 113.000 utan jobb.

4,0 prosent av arbeidsstyrken var utan jobb ved utgangen av juli, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Ved utgangen av juli var 113.000 utan jobb.

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 8.000 personar frå april (gjennomsnitt mars-mai) til juli (gjennomsnitt juni-august), ifølgje arbeidskraftundersøkinga til SSB. Dette er innanfor feilmarginen.

Det sesongjusterte talet på talet på sysselsette har gått opp med 14.000 personar frå april til juli. Frå november 2017 har talet på sysselsette auka med 39.000 personar, og sysselsettingsprosenten har gått gradvis opp.

(©NPK)

Annonse
Annonse