Klargjør siden...
Annonse

Snart blir 20 millionar setlar ugyldige

Dei gamle 100- og 200-lappane blir ugyldige som betalingsmiddel frå 31. mai. Ifølgje Noregs Bank er det framleis 20 millionar slike setlar i omløp.

Dei gamle setlane med motiv av Kristian Birkeland og Kirsten Flagstad går ut av sirkulasjon nøyaktig eitt år etter at dei nye setlane kom ut, melder NRK.

Noregs Bank anslår at 10,7 millionar av dei gamle 100-lappane og 9 millionar av dei gamle 200-lappane framleis blir brukte.

- For augneblinken er nærmare 70 prosent av dei gamle 200-kronesetlane bytte ut, mens tilsvarande tal for 100-kronesetlane er i underkant av 50 prosent. Vi reknar med at desse prosentane vil stige i tida fram mot 31. mai., seier Leif Veggum, som er direktør for kontante betalingsmiddel i Noregs Bank.

Sjølv om dei gamle setlane frå 31. mai ikkje kan nyttast som betalingsmiddel i butikkar (nokre butikkar vil godta setlane i ein overgangsperiode), har ein framleis god tid på å grave dei fram frå madrassen. I ytterlegare ti år vil Noregs Bank veksle inn gamle setlar.

Dei gamle 50-, 500- og 1000-lappane er framleis gyldige. Desse blir ugyldige eitt år etter at dei nye setlane kjem. Dei nye 50- og 500-lappane kjem i løpet av året, mens den nye 1000-lappen kjem i 2019.

(©NPK)

Dei gamle 100- og 200-setlane blir ugyldige som betalingsmiddel frå 31. mai.
Foto: Sara Johannessen / NTB SCANPIX