SOHR: Fem sivile drepne i tyrkisk luftangrep

Fem sivile er drepne i eit tyrkisk luftangrep ved byen Ras al-Ain i Nord-Syria, melder ei eksilgruppe, berre timar etter at Tyrkia varsla pause i kampane.

Angrepet ramma landsbyen Bab al-Kheir, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

Ein talsmann for kurdiske styrkar skuldar Tyrkia for å bryte det USA torsdag omtalte som ei våpenkvile.

- Trass i avtalen om å stanse kampane, har luft- og artilleriangrepa halde fram å ramme stillingane til krigarar, sivile bustadområde og sjukehuset i Ras al-Ain, seier Mustafa Bali.

Ras al-Ain har vorte åstad for kraftige kampar mellom syriskkurdisk milits og tyrkiskallierte syriske opprørarar etter at Tyrkia innleidde ein større militæroperasjon mot den nordaustlege delen av Syria førre veke.

Onsdag kunngjorde USA at Tyrkia hadde gått med på ei våpenkvile som skulle vare i 120 timar. Premissen var at kurdisk milits skulle trekke seg tilbake frå den drygt tre mil breie «sikkerheitssona» som Tyrkia vil etablere på syrisk territorium langs grensa til Tyrkia.

Den tidlegare USA-støtta SDF-militsen, der den kurdiske YPG-militsen er største fraksjon, varsla at dei gjekk med på avtalen.

SDF har insistert på at avtalen berre gjeld eit mindre område der det har vore harde kampar dei siste dagane.

Også USA har erkjent at avtalen berre gjeld ein mindre del av territoria som Tyrkia ønsker å ta over, melder Reuters.

(©NPK)

Tyrkiskstøttae syriske opprørarar i pansra stridsvogner kryssar grensa og køyrer inn i Syria. Kampane i området fortset trass i at USA seier at Tyrkia har gått med på ei våpenkvile. Foto: Emrah Gurel / AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse