Klargjør siden...

Sola-elevar med dobbeltgull for forsking på eldrelukt og smiling

Kvifor luktar det annleis hos eldre? Og korleis måler vi verdien av smil? Elevar ved Storevarden skole vinn Årets Nysgjerrigper for å forske på det.

Kvifor luktar det annleis hos eldre? Og korleis måler vi verdien av smil? Elevar ved Storevarden skole vinn Årets Nysgjerrigper for å forske på det.

Nysgjerrigper-konkurransen er ein forskingskonkurranse for elevar i 1.-7. klasse arrangert av Forskingsrådet. Elevane kan forske på kva som helst og i alle fag, og det er to gullvinnarar kvart år. I år kom begge frå Storevarden skole i Tananger i Sola kommune i Rogaland.

Femteklassingane brukte to veker på å teste ut hypotesane sine for kvifor det luktar annleis hos menneske over 80 år: Lagar dei annleis mat? Bur dei i gamle hus? Er det fordi dei har gamle ting som luktar annleis? Brukar dei andre typar parfyme og vaskemiddel? Eller er det fordi dei er så skrøpeleg at dei ikkje orkar å vaske, slik at det blir støvete og begynner å lukte heime hos dei?

- Desse elevane har forska på noko mange har lurt på, men få eller ingen har prøvd å finne ut av. Arbeidet dei har gjort, er så grundig og systematisk frå byrjing til slutt, at det luktar gull lang veg, seier Kate A. Furøy, prosjektleiar i Nysgjerrigper, Noregs forskingsråd, til NTB.

Den andre gullvinnaren, tredjeklassingane på skulen, har forska breitt på smiling. Korleis kan det ha seg at å trekke musklar rundt munnen til sida og oppover når vi ser på kvarandre, kan påverke humøret, og kva er eigentleg smil?

Blant 179 innsende bidrag vart det i år plukka ut 22 finalistar, fire av dei frå Storevarden skole. Gullvinnarane fekk onsdag premiepotten på 30.000 kroner under ein prisutdeling på skulen.

(©NPK)

Kvifor er det sånn at det luktar litt annleis heime hos personar som er eldre? Elevar ved Storevarden skole i Sola kommune vann Årets Nysgjerrigper for å ha forska på teoriane sine rundt dette. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Tredjeklassingane på Storevarden skole i Sola kommune vann gullmedalje for forskingsprosjektet «Hvordan måler man verdien av smil?".
Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK