Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ståle Solbakken meiner fotballdebatten i Noreg går den danske ein høg gang. Deler av skulda gir han Danmarks Fotballforbund (DBU).
geir.andreassen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 25.09.2018 kl 11:50
Det gjorde FC København-trenaren klart i eit intervju med Eurosport i helga. I intervjuet, som er gjeve att av storavisa BT, vart fotballdebatten i Danmark eit tema.
- Fotballdebatten kunne i mine auge godt ha vore på eit høgare plan generelt. DBU er slappe, sa Solbakken.
- Åge Hareide skal vinne fotballkampar, men eg synest det bør vere ein klar terminologi som skal drive ein fotballdebatt på eit høgare plan, fortsette han.
Deretter trekte han parallellar til sitt eige heimland og gav samtidig Nordsjælland-trenar Kasper Hjulmand eit klapp på skuldra.
- Eg kjem frå eit land der det er normalt at spelestil blir diskutert - også på eit større fagleg nivå enn i Danmark. Der er Kasper Hjulmand føregangsmann som trenar i Danmark til å sette ein debatt og vere del av ein sterk kultur, sa Solbakken.
FCK slo Nordsjælland 2-1 i den danske superligaen søndag og toppar tabellen. Tre poeng skil ned til ligatoar Midtjylland.
(©NPK)
Ståle Solbakken er ikkje fornøgd med fotballdebatten i Danmark. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.