Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Statsminister Erna Solberg (H) møtte både messesjefen og kalven Kåre då ho kom til Seljord for å opne Dyrsku'n fredag ettermiddag.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 14.09.2018 kl 15:30
Kalven skal vere kalla opp etter tidlegare Høgre-leiar og statsminister Kåre Willoch.
Dagleg leiar Geir Helge Espedalen i Dyrsku´n ønskte statsministeren velkommen, og ho helste òg på ei rekke ordførarar frå Telemark.
Saman med den nye landbruksministeren Bård Hoksrud (Frp) vart Solberg frakta til hovudscena i hest og kjerre.
- Dyrsku'n er jo jul, bursdag og 17. mai på same helg, sa Solberg i opningstalen sin.
Ho trekte fram Dyrsku'n som ein stad der ein kan gjere ein god handel - men òg ein dårleg handel.
- Kanskje ikkje så dumt at norsk ungdom kan lære seg at maten dei et, har gått på fire bein, sa statsministeren til fliring frå publikum.
Seinare fredag skal Solberg og Hoksrud få med seg Vendela Kirsebom på lag i ein mjølkekonkurranse mot Ap-leier Jonas Gahr Støre, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Petter Pilgaard.
(©NPK)
Statsminister Erna Solberg under Dyrsku'n i Seljord fredag. Foto: Tore Meek / NTB scanpix