Klargjør siden...

Solberg seier unnskyld til Tolga-brør

Statsminister Erna Solberg bad torsdag kveld om unnskyldning overfor tre brør frå Tolga som blei sett under verjemål etter å ha fått feilaktige diagnosar.

- Eg synest det er rett at når ein lokalt seier unnskyld, så meiner eg at vi skal gjera det frå alle myndigheitssider i dag, sa statsminister Erna Solberg (H) i eit direktesendt intervju på Dagsrevyen torsdag kveld.

Førebels har ingen frå kommunen sagt unnskyld, men i eit tidlegare innslag sa leiaren for kontrollutvalet i Tolga at det er beklageleg dersom brørne har fått feil diagnose.

- Det er særs alvorleg og uheldig for dei det gjeld. Og viss det er rett, så må eg bere seia unnskyld, unnskyld, unnskyld, seier utvalsleiar Marit Gilleberg.

Auka inntekter

Det var VG som laurdag skreiv om dei tre brørne som var blitt registrerte som psykisk utviklingshemma i heimkommunen Tolga. Kommunen kunne dermed sikra seg auka inntekter frå staten over fleire år.

Testar gjort av brørne i år, har vist at to av dei ikkje har noka utviklingshemming i det heile. Den tredje broren fekk diagnosen moderat psykisk utviklingshemma, men først to år etter at kommunen først registrerte han med dette. Den eine av brørne fekk oppheva verjemålet i februar, den andre i juni. Etter eit TV-innslag onsdag kveld, kom verjemålsavdelinga hos Fylkesmannen i Hedmark fram til at også verjemålet til den tredje broren skulle opphevast.

- Makt over eige liv

- Det er ikkje slik at folk skal bli fråteke styresmakta over sitt eige liv på denne måten. Det er difor vi har ei ny verjemålslov. Det er nokre grunnleggjande rettar som dreier seg om respekt for at kvar enkelt skal få lov til å ha makt i sitt eige liv, seier statsministeren.

Ho strekar under at det er spesialisthelsetenesta som skal stilla ein eventuell diagnose om psykisk utviklingshemming, og det skal skje etter ei grundig utgreiing.

Samtidig forsvarar Solberg ordninga som gjev kommunane ekstra inntekter dersom dei har mange med ein slik diagnose.

- Når vi har mange små kommunar, må det avspeglast i inntektssystemet når det er tunge brukarar med store rettar, seier ho, men peikar på at dette er eit tillitsbasert system.

Solberg seier det ikkje er nokon indikasjonar på at det finst fleire liknande saker i Noreg i dag.

(©NPK)

Når ein lokalt seier unnskyld, så meiner eg at vi skal gjera det frå alle myndigheitssider, sa statsminister Erna Solberg. Arkivfoto: Tore Meek / NTB scanpix