Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Synnøve Solemdal imponerte med feilfri skyting og andreplass på normaldistansen i verdscupen i skiskyting i Östersund. Kviterussaren Nadezjda Skardino vann.
stian.johnsen@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 29.11.2017 kl 19:29
Solemdal leidde etter den siste skytinga, men klarte ikkje å matche sisterunden til Skardino. Tjueåtteåringen frå Tingvoll enda til slutt 2,9 sekund bak den ukrainske vinnaren.
Tredjeplassen gjekk til Julija Dzjyma frå Ukraina. Ho skaut òg feilfritt.
Andreplassen er ein merkverdig opptur for Solemdal, som har slite mykje med sjukdom dei siste åra. Til verdscupstarten i fjor var ho ikkje med.
- Dette er kjempestort. Eg har hatt trua på at det (å hamne på sigerspallen) skulle gå til slutt, men ikkje at det skulle skje alt i det første rennet, sa Solemdal til NRK.
- Det var litt tungt i sporet, men eg hadde fantastiske ski i dag. Eg føler eigentleg at eg fekk maks utteljing, og dette var ei skikkeleg overrasking, la ho til.
Det vart eit dramatisk løp i Östersund i Sverige, der publikummet øygna håp om heimesiger da Mona Brorsson (startnummer 4) gjekk i mål og tok leiinga. Ho måtte likevel sjå seg slått av fem løparar med seine startnummer.
Også Marte Olsbu og Tiril Eckhoff viste sterk langrennsform i løpet onsdag, men med høvesvis to og tre bomskot klarte dei ikkje å blande seg inn i tetkampen. Eckhoff var den nest beste ved den første skytinga, mens Olsbu var den tredje raskaste etter to skotseriar.
- Eg synest det gjekk greitt. Det var hardt og langdrygt å gå normal igjen. 18 treff er bra, men det held ikkje på normaldistanse i verdscupen, sa Olsbu, som enda på ein tiandeplass.
Eckhoff (22.-plass) har slite ein del på skytebanen i sesongstarten, men viste teikn til betring på normaldistansen. Trass i tre tilleggsminutt var ho berre 2.24,1 minutt bak Skardino.
- Eg jobba alt eg kunne for å få ned blinkane. Det gjekk ikkje så fort, men eg prøvde verkeleg, sa ho etter løpet.
Ingrid Tandrevold bomma éin gong på kvar av dei siste to skytingane og enda på ein 31.-plass. Også Kaia Wøien Nicolaisen måtte tole to bom. Ho vart nummer 47.
(©NPK)
Synnøve Solemdal imponerte på normaldistansen i Östersund. Foto: Berit Roald / NTB scanpix