Klargjør siden...

Sommarvêret har gitt rekordsal av kjøtt

Sommartemperaturar har gjort at nordmenn strøymer til butikkane for å kjøpe kjøtt til å hive på grillen.

- Med vêret i mai har vi rett og slett hatt enormt sal av både grillkjøtt og grillprodukt, seier kommunikasjonssjefen i Coop Noreg, Harald Kristiansen, til Nationen.

Eitt av dei mest populære produkta denne månaden har vore spareribs. Coop har ein salsauke på 55 prosent samanlikna med mai i fjor, mens Meny kan melde om 70 prosent auke.

- Vi har selt like mykje spareribs i lausvekt no i mai som vi gjorde i heile fjor sommar, fortel Nina Horn Hynne, kommunikasjonsrådgjevar i Meny.

Ho legg til at kjeda generelt har historisk høge salstal på grillmat denne månaden og nemner at dei har hatt ein auke på 40 prosent på hamburgarar og 80 prosent på grillpølser.

Også Rema 1000 nyt godt av vêret og fortel at deira hovudleverandør av kjøtt og kylling har ein «all time high» når det gjeld bestillingar.

(©NPK)

Med sommartemperaturar langt over 20 varmegrader strøymer nordmennene ut for å grille. Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix